Vanleg diagnose – mindre verdt?

Bør staten verdsette helsa høgare til pasientar som det er få av? Eller bør det vere ei samla vurdering av kor alvorleg sjukdommen er, kor effektivt den kan behandlast og om meirkostnadene er rimelege i forhold til nytten, som bestemmer refusjonsprioriteringane?

Spørsmålet er betimeleg. Trass i at både Prioriteringsforskrifta, Legemiddelforskrifta, Spesialisthelsetenestelova og Pasientrettighetslova slår fast at prioritering mellom tiltak skal baserast på «alvorlighet», «nytte» og «kostnadseffektivitet», viser omsetjingsstatistikk for dei største refusjonslegemidla at storleiken til pasientgruppa forklarer 95 % av variasjonen i refusjonsutgifter per brukar.

Dette overraskande funnet presenterer vi i siste nummeret av Tidsskrift for Den Norske Legeforening (http://tidsskriftet.no/article/3061663). Jan Erik Askildsen og Ole Frithjof Norheim er medforfattarar. Vi baserer diskusjonen på ein figur der vi har plotta refusjonsutgifter per unike brukar mot tal unike brukarar for dei 25 største legemidla på førehandsgodkjent refusjon (blå resept) og dei 25 største legemidla på individuell refusjon. Figuren viser ein slåande linearitet i refusjonsutgifter per brukar, og at denne går ned når pasientane blir fleire.

Det er fleire gode grunnar til at det bør vere ein viss samanheng mellom kostnader og tal pasientar, t.d. at det er meir kostbart for industrien å utvikle medisiner når pasientgruppene er små. Det er likevel påfallande at alle punktene på regresjonslinja representerer refusjonsutgifter på om lag 100 millionar NOK, anten pasientane er få eller mange (til dømes 50 000 brukarar x 2 000 kr/brukar, eller 300 000 brukarar x 300 kr/brukar). Tala kan indikere at eit fjerde prioriteringskriterium vert lagt stor vekt på, nemleg budsjettkonsekvens.

Dersom pasientane er få, vert budsjettkonsekvensane små sjølv om refusjonsutgiftene per pasient er svært høge. Mange pasientar gir stor budsjettkonsekvens, sjølv om refusjonsutgiftene per brukar er mykje lågare. Vektlegging av budsjettkonsekvens ved prioritering er i dag ikkje grunna i lov eller forskrift. Ei fersk studie av Arna Desser (BMJ 2010;341:c4715; doi:10.1136/bmj.c4715) viser at ein slik praksis heller ikkje har støtte mellom folk flest i Noreg.

Vi anbefaler ein gjennomgang av refusjonspraksisen i Noreg med sikte på å vurdere om statens praksis er i godt nok samsvar med gjeldande retningslinjer på refusjonsområdet. Dersom ein ønskjer å legge vekt på storleiken til pasientgruppene og budsjettkonsekvens så bør dette formulerast i lov og forskrift slik at samfunnet og politikarar først får mulighet til å diskutere spørsmålet.

Mitt innspel til debatten: Folk si helse er like mykje verdt, uavhengig av om dei har vanlege eller sjeldne sjukdommar. Budsjettkonsekvens bør difor ikkje vere eit prioriteringskriterium.

 

Bjarne Robberstad, professor i helseøkonomi ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB

Bjarne Robberstad, professor i helseøkonomi ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *