Betre kreftbehandling med nanomedisin i Bergen

Nanoteknologipartikkel i 3D-struktur

Nanopartiklar (Foto: Colourbox)

Nyleg fekk eg ein gledeleg beskjed – Kreftforeininga vil støtte forskinga mi på nanomedisin. Meir spesifikt, bruken av nanopartiklar for å betre kreftbehandling. Håpet er at spesialiserte nanopartiklar kan gjera behandlinga mildare for pasienten, og ikkje minst tøffare for kreftcellene.

Utfordringar ved behandling av kreft med cellegift:

Behandling av kreft med cellegift står ovanfor fleire store problem. Det gjeld både giftige bieffektar av cellegifta, at kroppen kvittar seg med cellegifta, eller at cellegifta ikkje når fram til kreftcellene. Me vil nytta nano-formuleringar for å omgå dette, og tek sikte på å nytta tre tilnærmingar for å løysa desse problema.

Her er planen:

1: Målretta behandling av akutt myelogen leukemi (AML).
Me vil identifisera overflatemolekyl som er uttrykt i AML. Ved å kle nanopartiklane med antistoff mot desse overflatemolekyla kan me «styra» legemiddelet til kreftcellene og vonaleg vekk frå friske celler.

2: Auka sirkulasjonstid til cellegifter.
Ved å innkapsla cellegifter i nanoformuleringar er det mogeleg å auka dosen cellegift medan bieffektar vert reduserte.

3: Auka oppsamling av cellegift i svulst.
Her vil me forsøka å endra eigenskapane til blodkar og omkringliggande vev i kreftsvulsten slik at me får auka opptak av cellegift-berande nanoformuleringar i svulsten.

Kvinne får injeksjon av sjukepleiar

Nanomedisin kan betre behandlinga for pasienten (Illustrasjonsfoto: Colourbox).

Spanande framtid:

Klarar me desse oppgåvene vil me kunna betra behandling av kreftformer som ikkje kan opererast bort. Det blir spennande å sjå kva me får til dei neste åra!

Forskar Lars Herfindal, Institutt for biomedisin

Forskar Lars Herfindal, Institutt for biomedisin (Foto: UiB).

 Forfattar: Forskar Lars Herfindal, Institutt for biomedisin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *