Kompetansekrav og ny forskrift for akuttmedisinske tenester

Illustrasjonsbilde: Colourbox

Vil ny forskrift for akuttmedisinske tenester gjere andre enn allmennlegar kompetente for legevakt aleine, spør professor i allmennmedisin, Steinar Hunskår (illustrasjonsfoto: Colourbox).

Det skal lagast ny forskrift for dei akuttmedisinske tenestene både i føretaka og i kommunane, og høyringsfristen for å kommentere departementet sitt forslag var midt i september. I forslaget vert det fremja klare kompetansekrav til kven som skal ha kunne legevakt aleine; spesialistar i allmennmedisin og allmennlegar med godkjend 3-årig rettleiing er vaktkompetente, medan turnuslegar ikkje er det.

Eit interessant spørsmål er om andre enn allmennlegar er kompetente for legevakt aleine. Departementet føreslår at spesialistar i kirurgi, indremedisin, nevrologi, pediatri og anestesiologi er vaktkompetente på line med spesialistar i allmennmedisin, inkludert å vere bakvakt for turnuslege eller annan ikkje vaktkompetent lege. Meiningane er delte blant høyringsinstansane. Nokre meiner at ein skal halde fana høgt og hegne om den allmennmedisinske spesialiteten som dei einaste ein skal bygge legevakta på. Andre meiner at vi treng mange vaktlegar framover, og at andre fagområde må takast i bruk for å få nok vaktlegar.

Spesialistar i andre fag kan vere så mangt når det gjeld relevant erfaring frå legevakt. Det kan vere den nyleg godkjente kirurgen frå Polen, som ikkje har norsk turnusteneste og som aldri før har jobba i Norge. Eller det kan vere overlegen med turnusteneste på 80-talet og seinare all teneste i hematologi eller pediatrisk onkologi på eit universitetssjukehus.

Slike legar må etter mitt skjøn ha tilleggskompetanse frå allmennmedisin, eller i det miste ei rekke legevakter under supervisjon før dei kan sleppast laus på legevaktene rundt om.

Denne teksten er skriven av professor Steinar Hunskår, og er opphaveleg leiaren i siste nummer av Universitetslegen – Oktober 2014. 

Professor Steinar Hunskår

Professor i allmennmedisin,  Steinar Hunskår

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *